Vi veit at musikk blir brukt for å få folk til å drikke meir. Er det liten fart i baren, blir volumet skrudd opp og tempoet auka. Høg musikk hindrer samtalen og dermed drikk deltakarane meir. Det som i utgangspunktet skulle vere ramma rundt samværet blir hovedfokus. Ein møtes for å vere sosiale, treffe venner og alkoholen er ramma rundt samværet. Med hjelp av høg musikk og hurtig tempo som ”pirrer” adrenalinet blir ramma (alkoholen) sjølve hensikta med samværet. Det blir eit samvær for å ruse seg og den gode samtalen forsvinn i støyen.
Ved å skaffe oss kunnskap om korleis ulik musikk verkar inn på samværet og påvirker oss kroppslig, kan vi bruke musikk til å bygge opp om stemninga i samværet vårt. Musikk som roer eller skaper aktivitet. Musikk som ”står” til arrangementet.
Alle har vel opplevd å kome inn i eit rom kor det er fleire folk til stades, men kor det har vore ubehagelig å prate fordi ”lyden går” og ein føler at ”alle” høyrer kva ein seier. Det blir ei litt anspent stemning som folk oppleve som ubehagelig. Ved å ha litt bakgrunnsmusikk får ein folk til å slappe av, musikk som påvirker positivt, musikk som dempar klangen i rommet og som skaper ei stemning som får folk til å sleppe seg laus og prate med kvarandre.
Eg har i fleire høve prøvd ut dette. På sjørøverfesten har vi hatt musikk på når folk kjem til arrangementet. Når dei blir møtt med fengande rytmer og ”skip o’hoi – snart er skatten vår” så møter ein glade ansikt som er fulle av forventningar. Kjem dei derimot inn i ein stille sal, der dei føler dei må legge band på seg for ikkje å bli lagt til merke eller ”dumme seg ut”, bruker vi mykje lenger tid på å skape den stemninga og deltakinga vi er ute etter. Den første kontakta – inntrykket vi gir dei er heilt avgjerande for stemninga som blir i rommet/ arrangementet.
Etter ei teaterforestilling oppfordra vi folk til å bli att etter forestillinga og danse. Det vart ca 10 stk som vart att og vi vart sitjande å prate. Det var ingen musikk på. Då opplevde eg at det heile tida var ein og ein som prata. Dei andre sat og var litt avventande og samtalen vart litt oppstykka – sjølv om alle som var tilstades gjorde sitt for at vi skulle ha det hyggelig. Det vart likevel veldig fokus på den som til ei kvar tid prata - og den som prata blei meir bevist på at ein måtte ”framføre” det ein hadde på hjartet. Ein tenkjer over korleis ein seier ting. Trur mange opplever ein slik situasjon som vanskelig eller litt stivt.
Så sette vi på litt musikk, behagelig jazzprega musikk, og med ein gong endra stemninga i rommet seg. Frå å vere ”ei masse” der ein prata i gangen, endra det seg slik at det vart grupper som sat og prata tett og godt og samtalen gjekk som om vi hadde kjent kvarandre i lang tid. Folk slapp seg meir laus. Ramma ga meir rom for at ein kunne slappe av.
Ein viktig del av utdanninga for kulturentreprenørar må vere å skaffe oss kunnskap om musikk og korleis den påvirker oss. Korleis bruker vi musikk for å skape stemning i arrangementa våre.