Årets aktivitetsleir blir arrangert på Nesholmen leirstad i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane fylke. Leirstaden er eigd av Fjordane krins av Noregs KFUK-KFUM og ligg sentralt ved RV615 midt mellom Hyen og Storebru, mindre enn ein time frå Førde, Florø og Sandane. På Nesholmen ynskjer dei oss velkommen til dager fylt med aktiviteter og opplevingar.
Nesholmen er staden for aktiv fritid. Med kano og robåt, flotte badeplassar i sandviker og på svaberg, fine fiskeplassar frå land og i båt, baner for fotball, korgball og sandvolleyball, grillplass og leikeplass. Det er godt tilrettelagt for rørslehemma. Nesholmen er og staden for naturopplevingar for store og små, få eller mange. Den utruleg vakre naturen innbyr til korte og lange turar i skog og fjell, på skogsvegar og i kulturlandskap.