Hjem > Om Agora >  Eit rusforebyggande program for kulturell endring i lokalsamfunn

Eit rusforebyggande program for kulturell endring i lokalsamfunn

harald2_180x240av Harald Dyrkorn

I 1986 kom det såkalla Ottawa-charteret til WHO der lokalsamfunnet vart peika ut som ein svært viktig arena for ulike slags helsefremjande og forebyggande arbeid. I høve til tradisjonell, helsepolitisk tenking opna dette opp for eit vidare handlingsrom. Innanfor offentleg forebyggingsverksemd representerte dette lokalsamfunnsperspektivet også noko heilt nytt.
Lokalsamfunnsbasert forebygging
At forebygging er lokalsamfunnsbasert viser til arenaen det går føre seg på, men seier ikkje noko om innhaldet eller strategien. I det offentlege har lokalsamfunnsbaserte program ofte vore knytt opp mot folkehelse, og mange program har hatt reint medisinske føremål. Det er såleis det individretta, ekspertstyrte helseperspektivet med intervensjon av ekspertar utanfrå som har stått sentralt der.
 
Parallelt med slike offentlege helseorienterte program har friviljuge organisasjonar og andre grasrotrørsler utvikla meir kulturbaserte og kulturkritiske opplegg med basis i ressursar og aktørar som er knytte til lokalsamfunnet som ein vidare kontekst. Det kan nemnast at ein av basisorganisasjonane for Juvente - (NGU) - starta sitt program ”Haldning til rusgift – HTR” alt tidleg på 1970-talet. Dette programmet er blitt vidareutvikla gjennom meir enn 30 år og står i dag fram som ”FRISTIL” - eit program for kulturell intervensjon i lokale ungdomsmiljø gjennom kurs og lokal oppfølging av grupper med utgangspunkt i ungdomsskuleklassar.
 
Vi har såleis å gjere med to ulike strategiar som begge har hatt lokalsamfunnet som arena. Den eine har vore individretta og helseorientert. Den andre har hatt eit meir eller mindre klårt formulert kulturkritisk perspektiv.
 
Evaluering av lokalsamfunnsbaserte program, enten dei har hatt det eine eller andre perspektivet, er ikkje eintydige. Arne H. Eide ( årstal) meiner få eller ingen av dei helsefremjande prosjekta har svara til forventningane; det har vore vanskeleg å finne målbare verknader. Dei som har stått seg best er dei skulebaserte, helsefremjande programma. Dette er strategiar og praksis som i liten grad har gjort bruk av lokalsamfunnet som ein kontekst, og evalueringa har då også bygd på kvantitative tilnærmingar frå medisin, psykologi og sosialpsykologi. Gjennom slik evaluering har ein freista å finne fram til såkalla ”evidensbaserte” program. Når denne evalueringstradisjonen har møtt dei kultursensitive og kulturkritiske programma til friviljuge organisasjonar, spør organisasjonsfolk seg om desse evalueringsmetodane maktar å ta opp i seg dei kompliserte samanhengane som desse prosjekta står i innan det lokalsamfunnet dei blir gjennomførte i.
 
Vidare i dette notatet vil eg først sjå nærare og også til dels kritisk på nokre av førsetnadene og tenkinga som ligg attom slike lokalsamfunnsbaserte program og prosjekt. Deretter vil eg presentere prosjektet Agora, som er eit slikt program i regi av Det Norske Totalavholdsselskap.
 
Lokalsamfunnet
For om lag 30 år sidan var lokalsamfunn noko ein assosierte med nærleik, tette relasjonar og det gode liv. Det rådde også ei oppfatning om at lokalsamfunn let seg avgrense romleg og gjerne også at ulike lokalsamfunn hadde sin eigen kultur. På den måten vart det eit slags ein-til-ein-forhold mellom stad og samfunn eller stad og kultur. Dette gjaldt også innan samfunnsforskinga. Men lokalsamfunnsforskinga har måtta endre seg fordi det vert stendig meir vanskeleg å avgrense lokalsamfunn og fordi fleire og fleire viktige avgjerder skjer på arenaer untanfor lokalsamfunnet, nesten uansett korleis desse er blitt definerte. Ved slutten av 1970-talet slutta debatten om korleis ein skulle avgrense og definere fenomenet lokalsamfunn etter målbare kriterie (Saugestad 1996). Dei seinare åra har merksemda retta seg meir mot å oppdage sosiale samhandlingssystem, der nokre vel kan finnast og avgrensast på eit lite område, men også slike som strekkjer seg over store avstandar. Det er også blitt utvikla omgrepsapparat og analysemetodar for å forstå denne utviklinga i lokalsamfunnet.
 
Sosiale nettverk
Allereie John Barnes som gjorde antropologiske studier i Bremnes på Bømlo i 1954 oppdaga at oppfatningar om fastlåste samfunnsstrukturar og samhandlingssystem knytte til lokalitet ikkje heldt mål lenger.  Han lanserte eit nytt om grep nettverk der han inkluderte slikt som slekt, vener og naboar. På 60- og 70-talet og utover vart nettverksomgrepet brukt til å analysere sosial kontroll, lokalpolitikk og strategiar for å oppnå innverknad gjennom til dømes aksjonsgrupper for ulike føremål (Saugestad 1996). Nettverk kan også strekkje seg langt ut i fysisk rom – lagt utover soknegrensene og kommunen. Slike relasjonar mellom folk finst sjølsagt også i dag. Vektlegginga i nettverksanalysane har gjerne vore på personlege relasjonar der personane kjente kvarandre og samhandla andlet til andlet. I dag veit vi at slike nettverk langt frå er avhengige av personlege møte for å bli haldne ved like; mobiltelefon og Internett kan halde oppe både venskapsband og foreldres sosiale kontroll av ungdom langt opp i tjueåra. For å samanfatte kan vi seia at nettverk er ”uformelle relasjonar mellom menneske som samhandlar meir eller mindre regelmessig med kvarandre” ( Finset sitert i Bø 1993).
 
Sosiale felt
Sosiale samhandlingssystem kan altså nøstast opp gjennom å sjå etter kven einskildpersonar har kontakt med frå nabolag, arbeidskameratar og lokal venneflokk og vide krinsar utover i eitt eller fleire nettverk. Ei anna tilnærming kan vere å ta utgangspunkt i oppgåver som skal utførast og følgje gangen i dette ved å sjå på personane som deltek og dei kontakter og byteforhold desse inngår i (Grønhaug 1978). Dei oppgåvene vi tek føre oss kan vere henta frå produksjons- og arbeidsliv, religøst liv og verksemd, bygging og vedlikehald av småbåthamner og småbåtlag, til korleis folk får opplæring i ulike praktiske gjeremål og i meir omfattande samanhengar (utdanningssystemet).  Slik vil ein snart få oversyn over korleis eit sosialt samhandlingssystem eller sosialt felt strekkjer seg ut i geografisk og sosialt rom.  Ei slik oppdagingsprosedyre byrjar i eit lokalsamfunn – ein lokalisert kontekst, men ser ikkje dette lokalsamfunnet som eit avgrensa og lukka system. Dei sosiale felta vi oppdagar vil kvar for seg kunne ha si særskilte utbreiing, mønster og betydning i den sosiale organisasjonen. Nokre slike felt kan ha nokolunde same utstrekning og omfatte dei same personane. Slik sett kan det vere meining i å kalle fleire sosiale felt samla for eit lokalsamfunn. Omgrep av typen nettverk og sosiale felt kan hjelpe oss til å avdekke og gje analytisk innhald til fenomen som vi er interesserte i å vite noko om når vi snakkar om lokalsamfunn. Og dei to omgrepa er etter mitt syn gyldige enten vi er på ei øy med 300 innbyggjarar på Vestlandskysten, i ein bydel i Oslo eller i ei fjellbygd i Østerdalen.
 
Globalisering
Globalisering er blitt eit moteord, både i samfunnsforskinga, i ulike medier og i offentleg samtale om kultur, samfunnsutvikling og politiske spørsmål. Mange tenkjer seg globalisering som ei omfattande og einsretta spreiing av nyliberalistisk ideologi og vestlege – helst då amerikanske - kulturuttrykk kopla saman med kommersielle krefter. Og det er ikkje tvil om at eit slikt mønster kan sporast – ikkje minst gjennom nye kanalar for elektronisk kommunikasjon. Enden på dette skal då bli ei kulturell einsretting og nedbryting av det lokale med det som følgje at lokalitet og stad får stendig mindre å seie for folks identitet. Det er lett å sjå at på ein slik verdsarena vil til dømes alkoholindustrien leite etter stendig nye måtar til å bryte nasjonale reklameforbod for å nå fram til kjøpekraftige grupper med bodskap om å drikke meir. Vi har då også sett at når marknadene i Europa krympar, finn dei vegen til Asia, Latin-Amerika og Aust-Europa i von om å nå fram til nye konsumentgrupper med reklamebodskap på TV, i aviser og på plakatar som ville sjokkere nesten kven som helst norsk stortingsrepresentant.
 
Men dette mønsteret er ikkje eintydig; det er ikkje tale om ein mekanisk og einsrettande prosess der alle forskjellar blir utjamna. Nyare globaliseringsforskning peikar i lei av at det globale møter det lokale i ein vekselverknad der kulturell skilnader ikkje blir utsletta, men tvert om kan bli forsterka. Er det då slik at det er individa i loklsamfunnet som direkte yter denne motstanden mot einsrettinga? Både ja og nei. Individa er ulike og vil reagere ulikt på globale impulsar. Somme vil kjøpe nett den vinen, hårshampoen eller musikken som den internasjonale reklamen førskriv; andre vil fortolke reklamebodskapet i lys av ein lokal kontekst der lokale motstrategiar gjer seg gjeldande.
 
Beate Nesheim (2002) har gjort ein studie i fiskeværet Havøysund Ho fortel om to ungjenter som  bruker mange pengar på konsum av klede og livsstilsprodukt. Gjennom kreativt, symbolsk arbeid med slike konsumprodukt fortel dei kven dei vil vere. Og dei viser seg kan hende fram på den lokale puben eller diskoteket, men helst vil dei ut og til storbyen der ikkje alt er så forbaska gjennomsiktig. Korleis skaffar dei seg pengar til det trendy konsumet sitt? Den eine står i egnarbua på kaien og egner liner for ein lokal fiskebåt og har funne ut at 3 stampar egna line = 1 Levi’s bukse. Slik blir med eitt den trauste, nordnorske egnarbua ei kopling mellom det tradisjonelle fiskarsamfunnet og ”det nye” der ute som ho orienterer seg mot. Også her ser vi at det globale, representert ved konsumkulturen og Levi’s-buksa får eit særskilt lokalt uttrykk gjennom at marknadstilgangen til dei globale symbola berre kan opnast gjennom deltaking i den lokale, tradisjonelle produksjonen. Og nett den arenaen vil også setje sine merke på henne. Ho og dei andre ungjentene inngår i nettverk og sosiale felt av den typen vi har drøfta ovanfor. Gjennom desse samhandlingssystema, som både tek inn impulsar frå det globale og samstundes er ein del av den lokale dynamikken, tek jentene del i forhandlings- og fortolkingsprosessar som omformar den globale kulturelle påverknaden til nye uttrykk som er sterkt farga av det lokale prosessar og lokale verdiar.
 
I Oslo har Ellen Amundsen gjort epidemiologiske studier av drikkemønsteret hos ungdom både på austkanten og vestkanten av byen. Det viser seg at ungdom – både innvandrarungdom og ekte ”norskingar” om vi kan seie det slik - på austkanten drikk mindre enn jamaldringane i vest. Vi tenkjer straks på forskjellar i kjøpekraft som mogleg forklaring, men Amundsen har korrigert for dette og finn likevel at dei drikk mindre austpå. Ho drøftar om det kan vere impulsar utanfrå gjennom Islam som verkar inn. Ein kvalitativ studie som kartlegg sosiale nettverk og sosiale felt i aktuelle bydelar i Oslo ville kan hende vise oss kva for prosessar som gjer seg gjeldande. Ein aktuell hypotese vil vere at her blir impulsar frå sosiale felt som strekkjer seg halvvegs rundt jorda til landsbygda i Pakistan fortolka og omsette til sosial praksis slik at også ungdom frå ”reint norske heimar” drikk mindre alkohol. Etter kvart kan slike endringar på eit mikroplan i Oslo aust i neste omgang få konsekvensar for alkoholens plass i sosialiseringa av ungdom i store delar av ein by som Oslo. 
 
 
Samfunnsendring, sosial samhandling og rus
Ovanfor har vi sett at nettverk og sosiale felt er omgrep som gjev oss verkty til å analysere og forstå både utvikling i lokalsamfunn og vekselverknaden mellom globale og lokale prosessar som formar lokal kultur og sosialt liv. Det har opna seg eit nytt og meir dynamisk pespektiv på sosial og kulturell endring i ei tid der lokalsamfunn i tradisjonell forstand ikkje lenger er eit føremålstenleg omgrep. Det er faktisk slik at lokalsamfunn som ligg nær kvarandre i geografisk forstand også innanfor eit relativt homogent samfunn som det norske kan ha kulturelle særtrekk. Det som avgjer graden av differensiering er ikkje først og fremst romleg avgrensing, men kva for lokale og meir overordna samhandlingssystem innbyggjarane går inn i -  ikkje berre kva dei som einskildindivid blir utsette for av ytre påverknad til dømes gjennom den globale marknadsføringa av livsstilsprodukt. Det er nødvendig å modifisere den overdrivne vekta som både somme forskarar og særleg politikarar og organisasjonsfolk legg på den einsrettande effekten av globale prosessar.
 
Kva er så implikasjonane av dette for det rusforebyggande arbeidet?  Det er naudsynt å ta inn over seg at eit lokalsamfunn ikkje er eit avgrensa geografisk område med ein tilhøyrande avgrensa kultur. Sjølv om det er kulturelle forskjellar mellom ulike lokalsamfunn, betyr ikkje dette at dei er homogene, ordna og lukka system. Dei er heller opne og uordna prosessar (Barth 1994) der dei sosiale nettverka og felta må oppdagast konkret. Med hjelp av omgrepa sosiale nettverk og sosiale felt vil dei som arbeider med forebygging kunne bli i stand til handtere både den lokale konteksten og innverknaden frå overordna globale prosessar.
 
Vi treng omgrep og verkty ikkje berre for å forstå, men også for påverke sosial samhandling hos grupper av menneske. For det er gjennom sosial praksis i grupper at alkoholbruk og drikkemønster blir innlært. Lokalsamfunnsbaserte, rusforebyggande program må difor vere kultursensitive og involvere grupper av befolkninga i det aktuelle lokalmiljøet. Det handlar om å setje i gong og halde ved like kulturell endring.
 
Alkoholindustrien har allereie sett dette. Dei ser kor viktig de er å setje det lokale særpreget på produkta sine. Dei store bryggeri- og brennevinskartella passer alltid på å setje kjente, lokale varemerke på nokre av produkta sine. Slik blir dei ein del av den kulturelle differensieringa i den globale marknaden.
 
 
Agora – eit rusforebyggande program for kulturell endring i lokalsamfunn

Agora er namn på et prosjekt som vart starta i 2004 av Det Norske Totalavholdsselskap (DNT). Prosjektet har i tre år hatt økonomisk støtte frå Sosial- og helsedirektoratet og har som førermål å tilby hjelp til alle som vil arbeide med å skape gode alkoholfrie samværsmiljø. Arbeidet i prosjektet er todelt, vi arbeider praktisk saman med lag, grupper og bedrifter som vil vere med på å utvikle nye tilbod, og vi arbeider med å samle dokumentasjon, idear og erfaringar som andre kan nyttegjere seg. Deltakarane i Agoraprosjektet finn du både i og utanfor avholdsrørsla.
 
 
Kulturkritikk
Prosjektet er lokalsamfunnsbasert og baserer seg på eit kulturperspektiv på alkohol og alkoholbruk. Eit slikt kulturperspektiv vil gå ut frå at alkoholbruk er tungt meiningsberande og at rus er ei kulturell fortolking av alkoholverknader på hjernen og andre kroppsdelar. Samstundes vil vi distansere oss frå dei som hevdar at heile russpørsmålet handlar om sosial konstruksjon. For altfor mange dreier det seg også om avhengigheit, nedbryting av kroppen og i verste fall død.
 
Det er vanskeleg å få folk til å endre rusvanar og rusåtferd med å fortelje reint rasjonelt om alkoholskader som om folks positive erfaringar med alkoholbruk berre er ei form for falsk medvit. Mange opplever at alkohol er til glede og skapar fellesskap. Alkohol er også ein svært viktig faktor for sosial integrasjon i det norske samfunnet. Å drikke alkohol og eksperimentere med sex i fylla høyrer med i det vigktigaste overgangsrituale for norsk ungdom, nemleg russefeiringa, og det er grunn til å tru at foreldre ikkje ser berre negativt på dette.

Samstundes har alkoholen også eit anna andlet enn fest, glede og fellesskap. Alkohol og drikkeritual står ofte i vegen for meir opne og friare samværsformer der fleire aldersgrupper kan møtast og gle seg i samvær med kvarandre. Alkoholen tek livet av mange, fører andre ut i økonomisk ruin og bryt ned både familiar og andre viktige sosiale nettverk.
 
Gjennom Agora vil vi vere med og stå imot denne utviklinga gjennom praktisk arbeid med å utvikle alkoholfrie samværsformer og samstundes vere kulturkritiske gjennom å utfordre ruskulturen på område der det tradisjonelt har vore vanleg å bruke alkohol. Samtidig er vil klar over at lokale samværsformer og samværskultur ofte har mykje verdfullt i seg som prosjektet skal være med og ta vare på. Utfordringa er å skape motvekt til den aukande alkoholiseringa av det offentlege rommet og samværskulturen. Her ligg det kulturkritiske elementet i prosjektet. Med kulturkritikk meiner vi i første rekke ein kulturkritisk praksis der alkoholfrie miljø over tid gjennom samhandling kan utfordre eksisterande, dominerande ruskulturar lokalt.

Kartlegging av lokalsamfunn Agora er også eit program for kulturell intervensjon – ikkje med ekspertar utanfrå eller såkalla social marketing, men gjennom aktiv deltaking og engasjement i lokalsamfunnet. Vi ser då ikkje lenger på lokalsamfunnet som romleg avgrensa og lukka, men som eit system av sosiale nettverk og sosiale felt av ulik skala og kompleksistet der fleire av desse kan strekke seg langt utover det lokalmiljøet vi forankrar prosjektet i. Desse nettverka og felta kan ikkje utleiast frå meir allmenne og overordna teoriar om moderne samfunn, men må oppdagast heilt konkret gjennom ein særskilt kartleggingsprosedyre som må gjennomførast på førehand og følgjast opp under vegs for å kunne spore moglege endringar. På denne måten tek vi med oss moderne lokalsamfunnsforsking inn i det praktiske, forebyggande arbeidet.

Kulturell intervensjon og kulturentreprenørar Kulturell intervensjon handlar om å gripe inn i sosiale og kulturelle prosessar og freiste å endre desse gjennom å plante inn sosiale og kulturelle innovasjonar ved hjelp av lokale formidlingspersonar som vi har valgt å kalle kulturentreprenørar. I dette namnet ligg det at det handlar om innovatørar eller kulturelle brubyggjarar. Kulturentreprenørane er dristige, dei tek gjerne risiko også på å kunne bli ståande utanfor.
 
Ideen er at kulturelle innovasjonar kan tenkjast å slå rot i nettverk og sosiale felt som kulturentreprenøren er aktør/node i. Gjennom fortolknings- og forhandlingsprosessar i og på tvers av nettverk og felt, vil slike innovasjonar kunne bli plukka opp av andre individ og etter kvar tvil det gje ”feed back” til større grupper innanfor lokalsamfunnet.
 
Kulturentreprenørane i Agora får særskilt opplæring gjennom sentrale og regionale kurs.

Erfaringer som kulturentreprenørene gjer om korleis ein kan skape lokale, levedyktige alkoholfrie miljø skal gjennom Agora nedfellast i et program/manual – til et verkty som kan takast i bruk av andre aktørar til andre tider.
 
 
Tre eksempel på tiltak i Agora-prosjektet
 
1. Utvikling av eit Agora-nettverk i Sykkylven kommune
I Sykkylven kommune har Torhild Rogne Emdal  utvikla eit nettverk av kulturentreprenørar rundt konkrete, alkoholfrie  kulturtiltak som ”sjørøvarfest”, ”sildefest” og ”Kondrad-løpet”.
 
2. Harry-butikk og 50-tallskultur
Roger Bonsak, som har lang fartstid frå forebyggende arbeid i Solør og Amsterdam, er levande oppteken av 50-tallet. Han meinte at interessa for store amerikanske bilar, 50-tallsrock, store beltespenne og brylkrem, var eit utmerka utgangspunkt for å samle folk. Og alt sjølsagt i alkoholfri stil.  Dette tiltaket er ein typisk kulturell innovasjon som utfordra alkoholkulturen langt inn på dennes banehalvdel. Harry-butikken med tilhøyrende kafé i Våler er verkeleg ein fargeklatt både i bygdenorge og i nettverket av møteplassar knytte til Agora.
 
3. Caféscene for stand-up og amatørkultur I Oslo

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Referansar:
Barnes, John A. (1954): “Class and Comittee in a Norwegian Island Parish”. I Human relations 1954, 7.
Barth Fredrik(1994): For en større naturalisme i begrepsfestingen av samfunn.
Bjerkli Bjørn, Sande Allan og Høgmo Asle(1993): Gutteklubb og husmorlag gir ny livskraft. Lokalstudier av kulturell endring i nordnorske bygdesamfunn. Stensilert notat, Finnmarksbiblioteket, Vadsø.
Bø, Inge (1993): Folks sosiale landskaper. En innføring i sosiale nettverk. Oslo: TANO AS.
Eide, Arne H. (årstal): Kulturelle endringer og globalisering – betydning for local rusmiddelforebygging.
Grønhaug Reidar(1978): Scale as a Variable in Social Analysis
Lindelien, Arne (1994): Samfunn, organisasjon og rus. Oslo: Det Norske Totalavholdsselskap
Manger, Leif O.(1991): “From Slave to Citizen: Processes of Cultural Change among the Lafofa Nuba of Central Sudan”. I Grønhaug m.fl. (red): The ecology of Choice and Symbol. Bergen: Alma Mater Forlag AS
Marcus George E. and Fischer Michael (1999): Anthropology as Cultural Critique. Chicago and London: The University of Chicago Press
Nesheim, Beate M. (2002): Stemmer fra et sted. Om sted og identitet i Havøysund, et fiskevær i Finnmark, Hovedfagsoppgave i sosialantropologi. Universitetet i Tromsø.
Saugestad, Sidsel (1996): Lokalsamfunnsforskning – fra tema til teori. I Norsk antropologisk tidsskrift 4/1996. Oslo.
Rossvær, Viggo (1998): Ruinlandskap og modernitet. Oslo: Spartacus forlag AS
Van Willigen, John (2002): Applied Anthropology, London: Bergin & Garvey
World Health Organization (1996): The Ottawa charter for health promotion.
Willis, Paul (1981): Learning to labour – how working class kids get working class jobs. New York: Columbia University Press.
 
Agora-prosjektet vil være både kultursensitivt og kulturkritisk.
Sverre Nesvåg vektlegger at forebyggingstiltak må være kultursensitive for at de skal kunne virke, og de må være kulturkritiske.
 
”Forebygging som skal virke, må …ta utgangspunkt i en kulturkritisk argumentasjon i forhold til verdigrunnlaget i de fellesskapene vi lever våre liv i. Om ikke staten kan utøve en slik kulturkritikk, så kan i alle fall frivillige organisasjoner gjøre det. Mine erfaringer fra rusmiddelforebyggende arbeid i arbeidslivet viser at også arbeidsplasser er gode arenaer for kulturkritikk. Skal en ta læreplanen for grunnskolen alvorlig, burde også skolene være det. Skoler, arbeidsplasser og frivillige organisasjoner er jo nettopp fremdeles våre viktigste samfunnsmessige fellesskap
(Nesvåg 2003). Se også (Henriksen & Sande 1995:199).
 
 
 
 



 
  Agora - E-post: agora alfakrøll dnt.no Tlf 922 61 536