Hjem > Arrangementstips >  Arrangementstips 2: Sjørøverfest

Arrangementstips 2: Sjørøverfest

Rapport fra en sjørøverfest, med mange tips til den som vil prøve selv.
Sjørøverfest – jakta på gullskatten
Laurdag 16. april arrangerte kulturentreprenørane frå Agora - Sykkylven sjørøverfest på grendahuset i Velledalen. 90 deltakere var påmeldt og arrangørane stilte med 15 medhjelpere.
Det var bygd ei stor sjørøverskute på 7 m på scenekanten, med mast og seil og sjørøverflagg.
Til å lede festen hadde vi fått tak i Sjørøverkaptein Klara som var utleigd frå den kommunale kulturskulen si teatergruppe.
 
Konkurranse
Jakta på gullskatten var lagt opp som ein konkurranse, det var 20 teoretiske/praktiske oppgåver og 5 tvekamper. Deltakerne var delt inn i 10 grupper og kvar gruppe fekk utdelt halstørkle i forskjellige farger for å markere gruppetilknytning. I tillegg fekk alle låne sjørøverutstyr som piratskjerf og augelapp. Dette er utstyr som DNTB eig og låner ut.
 
Sjørøvertest
Først av alt måtte alle gjennom ein sjørøvertest. Sjørøverkaptein Klara fortalde at det var tøffe tak på havet, her måtte ein vere rusta for harde tak. Alle måtte vise at dei var dugande sjørøveremner. Første bud når ein er sjørøver er å sjå tøff og skummel ut, her måtte alle overbevise om at tøffetryne, det hadde dei. Så må ein klare å vere stille og lista seg inn på byttet – alle lista seg så stilt dei klarte over golvet. Styrke må sjørøverane ha, så musklane måtte fram. Men det var ikkje nok – dei må samarbeide og dei må vere lydige – når Sjørøverkapteinen gir ein beskjed er det berre å utføre ordre! Til slutt fekk dei ei lita innføring i sjørøverspråket ved at når sjørøverkapteinen ga ein beskjed måtte alle svare; ay-ay kaptein. Viss dei gløymde seg og svarte ja – ropte sjørøverkapteinen: ”Det heiter ikkje det, det heiter?” Då ropte ungane tilbake: ”ay-ay kaptein”. Dei fekk det til, til slutt.
Jakta på gullskatten
Så starta jakta på gullskatten. Gruppene starta på ulike poster. Dei fekk spørsmål om flagg, land og hovedstader, trafikkskilt, blomster, eventyr, tegneserier, fisker, fugler, quiz, bilmerke og bilde med fordreide ansikt som dei skulle kjenne att. Dei kasta ertepose på blikkboks, skulle få fleire baller opp i eit mjølkespann, dei skulle løyse fyrstikk-oppgåve der dei med utgangspunkt i to glas, ved å flytte fire pinner, skulle få det til å bli eit hus. Dei balanserte på eit balansebrett og fekk kuler til å treffe hol eller finne vegen i ein labyrint. De testa ut kor smidige dei var ved hjelp av eit kosteskaft. Dei måtte lytte og kjenne att sangane i eit potpurri.  Dei fekk bind for augene og kjente på 10 ting som dei skulle kjenne att og huske etterpå. Her vart alle sanser og mange emner utfordra.
 
Tvekamp
Innimellom desse oppgåvene kalte sjørøverkapteinen inn til tvekamp. Alle lag måtte gjennom ein tvekamp. Kva dei skulle gjere og i kva rekkefølge vart avgjort ved loddtrekking. To og to lag mot kvarandre. Det var taudraging der det var om å gjere å vere sterkast. Dei skulle slå 3 spiker i ein tjukk stokk så snart dei klarte. Nokre fekk prøve løpeteppe der alle i gruppa sto inne i eit ”teppe” som var sydd saman til ein sirkel, der ein måtte samarbeide og sirkulere teppet for å kome seg framover. Det var trillingbukse – tre bukser som var sydd saman i beina. Her måtte dei samarbeide og koordinere bevegelsane for å kunne løyse oppgåva. Dei måtte over ein benk og mellom ulike kjegler. Til slutt måtte dei siste gruppene gjennom ein stafett med egg og sekker som utstyr.
 
Vinnaren
Gruppe ”mørk lilla” gjekk av med seieren med 201 poeng. Berre 6 poeng skilte første- og tredjeplassen. Dei vann den store gullskatten som var ei heil kiste med sjokoladegullpenger. Desse delte dei, på sjørøvervis, med alle dei andre sjørøvarane som hadde møtt opp til jakta.
 
Familiefest
Det vart ein triveleg og vellykka familiefest. Hovedmålet var å leike, barn og vaksne saman. Legge kvardagen litt til side og skape gode fellesopplevelser. Det var første gongen vi arrangerte ein slik fest, men etter dei tilbakemeldingane vi fekk, blir dette truleg eit årvisst arrangement.
No skal vi i komiteen ta med oss dei erfaringane vi fekk i år og bygge vidare på ramma rundt arrangementet.
 
Opplevelser
Agora er i starten på eit langsiktig utviklingsarbeid. Sjørøverfesten var eit forsøk på å bli meir beviste på å bygge rammer og stemning rundt arrangementa våre. Istadenfor å innby til kunnskapstest – har vi valgt å bygge dette inn i ein sjørøverfest. Vi kler oss ut. Vi tar ”gamle oppgåver” og gir dei ny innpakning. Vi dimmer lyset og vi bruker bevist musikk for å skape ei bestemt stemning. Vi spelar litt teater og vi lager ei ramme der det er ”tillatt å leike”.
Dette var ein start, vi gjorde gode erfaringer, no må vi bygge vidare. Det er tid for å vere kreative, fornye og utvikle gjennom samarbeid og nytenking.

  application/mswordsjørøverfestreferat



 
  Agora - E-post: agora alfakrøll dnt.no Tlf 922 61 536