Hjem > Arrangementstips >  Arrangementstips 1: Sildefest

Arrangementstips 1: Sildefest

Her kan du lese om en vellykket sildefest, der 150 gjester i alle aldre koste seg med alle slags silderetter. Her finner du tips til organisering, innkjøp og oppskrifter.
Sildefest
Silda stod i fokus då det vart invitert til festmat på Velledalen Grendahus torsdag 10.februar. Her fekk dei om lag 150 middagsgjestane velje mellom ei mengd ulike silderettar, frå spekesild til picklessild og karrisild. Og det var tydeleg at festlyden likte det dei fekk servert.
 
- Denne sildedagen er meint som ein hyllest til silda, og alle dei matrettane ein kan lage av sild, seier primus motor Atle Hole i Velledalen Idrettslag, som saman med Sykkylven Bonde- og småbrukarlag og Agora stod bak arrangementet.
 
Rikhaldig sildebord
- Og det var litt av eit sildebord Liv Nordli Hole kunne by fram. I tur og orden nemner ho: Rømmesild, sursild, tomatsild, karrisild, paprikasild, drømmesild, rødvinssild, picklessild og tomatsild på løkterte. Og sjølvsagt spekesild, kryddersild og røykt sild. Med tilbehør som rødbetesalat, poteter, kålrabistappe, heimelaga flatbrød og tyttebærbrød, så her var litt for ei kvar gane. Og sjølvsagt kaffi og kaker til dessert. Og rikeleg med saft og vatn.
 
- Vi opna tidleg på dagen slik at dei eldre som vanligvis et middag midt på dagen også skulle få høve til å ta turen innom grendahuset, seier Liv Nordli Hole. Etter arbeidstid stilte den yrkesaktive delen av innbyggarane opp. Før sildedagen var omme hadde nærmare 150 middagsgjester forsynt seg av det rikhaldige sildebordet.
 
- Dette smakte godt. Tiltaket med å skipe til ein sildedag, synest eg var flott, seier Kristian Bakken som saman med kona Magnhild forsynte seg godt av dei mange silderettane.
 
Vellukka sildedag
- På grunn av det dårlege veret dei siste dagane har vi ikkje klart å få tak i fersk sild. Det var til dømes fleire som etterlyste sildekaker. Men dersom vi skipar til eit liknande arrangement neste år, så skal vi syte for at det står sildekaker på bordet, seier Liv Nordli Hole, som saman med resten av staben har lagt ned ein stor innsats under sildedagen. Ein dag som på alle måtar vart vellukka. Det smakte godt!
 
Vil du vite kva som skal til for å invitere 150 personer til sildefest så ser du her:
 
Eit møte på førehand der tidspunkt og arbeidfordeling vart avklara.
Etter møtet vart denne lista laga:
Ope: frå kl. 12.30 – 18.00
BILLETTPRIS: Vaksne kr 100,- Barn kr 50,-
ARBEIDSLISTE:
 
INNKJØP: Helen Longva Fet og Liv Nordli Hole
KJØKKENSJEFAR: Helen Longva Fet og Liv Nordli Hole
KJØKKENASSISTENTAR: Evelyn Holmberg, Torild Skogvold, Kristin Grebstad, Turid Bøkestad Fet, Linn Tove Akselvoll, Else Velle
OPPSETTING BORD/STOLAR: Ungdomstrimmen, Turid Krüger, Torhild R. Emdal, Atle Hole
PYNTING AV BORD: Turid Krüger og Torhild Rogne Emdal
HENTING AV SILD BRATTVÅG: Torhild Rogne Emdal
SILDEQUIZ: Torhild Rogne Emdal
VEKSLEPENGAR: Sølvi Sæther
SAL AV BILLETTAR m. m.: Hans Olof Holmberg, Torhild Rogne Emdal
P.R: Atle Hole
KAKELEVERING: Anita Langlo Hole, Sølvi Sæther, Kristin Grebstad, Annlaug Grebstad, Else Velle, Liv Nordli Hole, Gunhild Øigarden, Svein Hjorthol, Geir Tandstad, Eldrid Myhre,
Oddrun Rogne, Torhild Rogne Emdal.
RYDDING: Kjøkkenpersonell ryddar sin del, Torhild "avpyntar" borda, medan Herretrimmen tek bord og stolar. Herretrimmen vil i dette tilfellet seie: Harald Bakken, Knut Kalvatn, Åge Vanebo og Atle Hole
UNDERHALDNING: Toradergruppa, Piano og fløyte v/Per Svein Tandstad og Øygunn Tandstad
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
INNKJØP SILD: 8,74 kg røkt sildefilet, 14,0 kg spekesildfilet, 10,5 kg kryddersildfilet, 3,6 kg sursild, 3,6 kg picklessild, 5,4 kg rømmesild, 5,4 kg tomatsild og 3,6 kg rødvinssild (dette vart innkjøpt direkte frå produsent)
Tot. leveranse sild: 54,8 kg
Sildefiletane serverte vi som dei var med poteter og tilbehør eller vi laga forskjellige sildesalater. I tillegg til dei ferdig innkjøpte sildesortane laga vi: Drømmesild, paprikasild, karrisild og tomatsild på løkterte (sjå oppskrifter). Det vart og laga rødbetesalat, baka tyttebærbrød og heimelaga flatbrød.
 
FORBRUK SILD: 40 kg sild – i innkjøp ca kr 2000,- (170 personer åt)
 
FORBRUK ELLES:
13 skuffekaker
3x 2,5 kg. Mandelpotet
2x 2,5 kg kers pink
2 fl. raud saft
1 fl. appelsinsaft
6 beger lettrømme
4 beger seter rømme
6 gl. rødbeter
2 gl sylte agurk
4 kg. gul lauk
4 stk. raud lauk
5 kg kål
5 kg kålrot
15 tyttebærbrød
16 pk Toro kålrotstappe
2 l. H-mjølk
1 kg melange
2 pk med bord smør
2 pk mors flatbrød
10 stk brød
( vi brukte 10 pk. heimbaka flatbrød i tillegg)
10 pk filterkaffe
2 pk kaffefløte
div krydder til å ha oppi dei ymse silderettane og i kålstuingen
1/2 kasse brus
telys
servietter
 
 
Ettermøte så snart som råd etter arrangementet, det er viktig å få erfaringer og nyttige tips til seinare arrangement ned på papiret mens det er friskt i minne.
 
TIPS OG ENDRINGAR TIL NESTE ÅR:
Annonse må vere enklare, ha med bilde frå årets sildebord. Få sponsing på annonsa.
PR generelt kan vi vere meir aktive på. No har vi erfaringer for kor mykje mat som går, neste gang kan vi vere meir aktive både gjennom aviser, plakater på fabrikkane og radio. Tidspunkt neste år: Ein vekedag (gjerne torsdag som i år) frå kl 14.00 – 19.00. Pris grei.
Kjøkken: Meir fordelte oppgåver. På grunn av plass kan det maks vere 5 personer på kjøkkenet samstundes. Nokre må ha ansvar for å etterfylle på sildebordet, rydde bord, vaske opp og fylle på med reint servise. For å spare oppvask kan vi bruke plastglas til drikke. Plassere sildebordet annleis. Ha middagstallerken, bestikk og servietter på sildebordet. Kaffi, kaker, drikke og kaffiservise på det andre. Ha klarplast opp på duken på sildebordet. Det blir mykje søl under vegs, då er det greit å kunne vaske av.
Elles: Kjøp meir røyka sild, lage meir av alle sorter heimelaga silder/sildesalater. I tillegg til brus, selge Munkholm /Clausthaler. Quizen litt for vanskeleg, spesielt for barn. 3-4 kulturinnslag. Dette må ha preg av taffelmusikk. Folk vil prate. Gi folk eit glass varm drikke i handa ved ankomst.
 
Rekneskap:
Totalt fekk vi inn rundt kr 15 000,- Av dette betalte vi kr 800,- for annonse, kr 3000,- for leige lokale og kr 5000,- for matvarer.
Dei tre organisasjonane sat att med rundt kr 2000,- kvar.
 
OPPSKRIFTER:
 
Karrisild
 
6 kryddersild fileter
1 løk i skiver
1 eple i terninger
1-2 sylteagurker i terninger
2 ss kapers
 
Karrisaus:
1 ss olivenolje
1 ss karri
1 dl majones
1 dl creme fraische
1 ts sennep
salt og pepar
 
Rør saman karri og olivenolje. Tilsett majones og creme fraiche og bland godt. Rør inn sennep og smak til med sukker, eddik, salt og pepar. Skjer kryddersilda i bitar på skrå og bland forsiktig inn i sausen. Bør trekke over natta eller nokre timar før servering.
 
 
Paprikasild
 
6 krydderfileter, godt utvatna
3 dl lettrømme
1 dl matfløyte
1 stk raud paprika, i staver
1 stk grøn paprika, i staver
Sukker, nykverna raud, svart og kvit pepar, parikapulver.
 
Rør saman og smak til med sukker, pepar og anna krydder. Klipp sildefiletane i bitar og bland med sausen. Silda bør trekkje i sausen eit par dagar før servering.
 
 
 
Tomatsild på løkterte
 
8 kryddersildfileter
4 ss ketchup
1 ss lys sirup
1 ss eplesidereddik
kverna svart pepar
2 ss finkutta raudløk
 
Løkterte:
75 gr. smør
75 gr. Kveitemjøl
4 ss vatn
 
Fyll:
1 gul løk
1 ss smør
1 dl kremfløyte
1 egg
salt og kverna svart pepar
 
Silda vatnast ut om nødvendig, tørkast og delast i fingertjukke skiver. Bland ketchup, sirup, eddik, pepar og raudløk. Bland smør og mjøl saman i hurtigmiksaren. Tilsett vatnet til det danner seg ei deig. Legg i kjøleskapet i 30 min. og kjevle den ut til 2mm tjukk leiv. Kle ei form (20cm i diameter og 2 cm høg) med deig, og sett i kjøleskap i 30 min. Løken finhakkast og surrast i smør til den er mjuk. Tilsett kremfløyte og trekk til side. Bland inn egg og smak til med salt og pepar. Hell fyllet i forma og steik terta på 160 grader i 15 min. Terta avkjølast til den er lunka. Servering: Skjer løkterta i serveringsstykke og legg kryddersild opp på.
 
 
Drømmesild
 
4-6 kryddersildfileter
4 hardkokte egg
2,5 dl rømme
2 ss ketchup
1 ss ravigottesaus
1 ts estragoneddik
 
Skjer opp sildefiletane og legg dei på fat. Legg kokte halve egg mellom silderadene. Bland rømmen med krydderet. Dekk silda med rømmesausen. Servering: Nykokte poteter, flatbrød og smør til.
 
 
Rødvinssild
 
6 kryddersildfileter i strimler på skrå
100 g tomatpuré
3 dl rødvin
½ dl eddik 7 %
3 ss soyaolje
2 dl sukker
½ ts malt hvit pepper
8-10 stk hel nellik
¾ dl sølvløk
ca 20 små blå druer

 
Legg kryddersilda i vatn eller skumma mjølk og vatn den godt ut. Ha oljen i ei kasserolle, rør inn tomatpure, kok opp, tilsett sukker og rør til det smeltar, avkjøl. Tilsett eddik og rødvin og ha i krydder. Bland forsiktig inn sølvløk og sild i sausen.

La stå og trekke 1 døgn før bruk. Bland forsiktig inn halve blå druer ved servering.
 
Rømmesild

 
6 marinerte kryddersildfileter

Rømmesaus:
2 ss 7 % eddik
2 ss sukker
2 dl rømme
1 dl fløte
salt, pepper og sitronsaft
Bland saman ingrediensane til sausen og smak den til.
Skjer marinert sild i bitar på skrå og legg dei i sausen. La dei helst trekke 24 timar før servering.
 
 
Tomatsild
 
6 kryddersildfileter

Saus:
3 ss tomatpuré
2 ss 7 % eddik
2 ss vann
4-6 ss sukker
1 klype pepper
3 ss olje
1 løk i tynne ringer
1 laurbærblad
dill

Vatn ut sildefiletane ca. 30 min. og tørk dei godt. Skjer filetane i 2 cm breie bitar på skrå. Legg løk og sild lagvis i glass eller krukke og laurbærblad på toppen. Pisk saman alle ingrediensane unntatt olje til sausen. Pisk oljen inn til slutt i ein tynn stråle. Hell sausen over silda og la den trekke nokre timar, gjerne til dagen etter. Pynt med dill.
 
 
Sursild
 
6 saltsildfileter, gjerne kryddersild
2 løk i ringer

Lake:
1 dl 7 % eddik
2 dl vann
3/4 dl sukker
2 laurbærblad
10 hele pepper
 
Vatn ut sildefiletane ca. 30 minutter og tørk dei godt. Skjer dei på skrå i ca 2 cm breie biter. Skjer løk i tynne ringar, og legg løk og sild lagvis. Lag ein lake med eddik, vatn og sukker. Rør til sukkeret er oppløst, eller kok opp laken og avkjøl den. Tilsett laurbærblad og pepar. Hell laken over silda og la den stå kjølig eit døgn før bruk. Hvis du ynskjer meir kryddersmak på silda, kan du tilsette 1 ts hele sennepsfrø, 5 nellik og 4 allehånde, eller bruke ferdige posar med sursildkrydder.
 
 
 
 
Quiz: Fisk
 
Navn:…………………………………………………………………………………………
 
1.
I oktober 2004 skifta Fiskeridepartementet navn. Kva heiter det no:
 
a) Fiskeri- og kystdepartementet
b) Fiskeri- og havbruksdepartementet
c) Fiskeri- og forvaltningsdepartementet
 
2.
Kva heiter den noverande fiskeriministeren:
 
a) Karl Erik Schjøtt Pedersen
b) Svein Ludviksen
c) Peter Angelsen
 
3.
Frå kva fylke kjem fiskeriministeren:
 
a) Troms Fylke
b) Finnmark Fylke
c) Nordland Fylke
 
4.
I 2004 vart det for første gong utdelt ein pris som blir gitt til: ”Viktig arbeid som blir gjort for å fremme Norge som fiskeri- og kystnasjon”. Kva heiter den prisen:
 
a) Brageprisen
b) Fyrtårnprisen
c) Sjøfartsprisen
 
5.
Sildefisket i Nordsjøen og Skagerak er:
 
a) heilårsfiske
b) vinterfiske
c) sommerfiske
 
6.
I våre farvann er den atlantoskandiske sildestammen den største. Kva heiter den andre store sildestammen?
 
a) nordsjøsilda
b) feitsilda
c) vintersilda
 
 
 
7.
Kva by i Norge blir kalt Sildabyen?
 
Svar:………………………………
 
8.
Kva kommune har kommunevåpenet som er avbilda nedanfor” tre sølvsilder på rød bunn”. Dette skulle symbolisere den rike silda utanfor kysten i tidlegare tider.
 
Svar:…………………………………..
 
9.
Sild har eit ”kallenavn”. Kva er det?
 
a) kongens sølv
b) havets fest
c) havets sølv
 
10.
Brisling, hestmakrell, kolmule, lodde, makrell, sild m.m. har ein felles benevnelse. Kva er det?
 
a) pelagisk fisk
b) vesttropisk fisk
c) atlantosalt fisk
 
11.
Kor gammal kan ei sild bli?
 
a)   5 år
b) 15 år
c) 25 år
 
12.
Kor lang kan ei sild bli?
 
a) 40 cm
b) 30 cm
c) 20 cm
 
13.
Kva blir silda kalla det første leveåret?
 
a) fjordsild
b) mussa
c) bladsild
Quiz svar: Fisk
 
  1. a) Fiskeri- og kystdepartementet
  2. b) Svein Ludviksen
  3. a) Troms Fylke
  4. b) Fyrtårnprisen
  5. a) heilårsfiske
  6. a) nordsjøsilden
      7.   Haugesund
      8.   Flora kommune
      9.   c) havets sølv
      10. a) pelagisk fisk
      11. c) 25 år
      12. a) 40 cm
      13. b) mussa
 



 
  Agora - E-post: agora alfakrøll dnt.no Tlf 922 61 536