Hjem > Arrangementstips >  Å være gjest

Å være gjest

Webmaster

2007-08-23

Bidrar du til at samværet blir hyggelig og til å sakpe den rette stemningen? Du er med på å avgjøre hvordan festen blir.
Samtidig har du som gjest ansvar for å bidra til å gjere festen bra. Vere med på opplegget, vere positiv og kommunisere med dei andre. Vere ein som bidrar i samtalen.
Inngangen til samtalen startar som regel med at ein presenterer seg ; ”Hei, eg heiter Trine Olsen”.  Dernest handlar det om å lytte, plukke opp gratis informasjon av det som du ser og høyrer rundt deg. Kanskje kommentere staden du er på eller arrangementet du er med på – på ein positiv måte. Gode kompliment for eit eller anna er alltid ein god måte å oppnå kontakt på, men det må vere oppriktig og naturlig.
Ein kan og kome med eit utsegn først og deretter spørje om noko i samband med det. Eller ein kan spørje om råd; eg såg at du stod og holdt boka om…. , kommentere ein situasjon eller oppleving. Ein kan td tilby seg å hente frukt eller drikke; ”Eg fekk så lyst på litt frukt, skal eg ta med litt til deg?”
 
Ikkje alle er den fødte initiativtakar i selskapslivet, men det er ei evne ein kan øve opp. Ein kan lære seg å vere den som tek initiativet til ein samtale og til å bli kjent med nye menneske. Ein må vere villig til å ta risikoen for å bli avvist. Korleis gjer vi så dette?
 
 
Tips- den gode lyttar
 
-         Øv deg i å lytte. Du må ha lyst, interesse, konsentrasjon og sjølvdisiplin for å vere ein god lyttar.
-         For å vere ein god lyttar må du vise at du lyttar, både med kroppsspråk, mimikk og med tilbakemeldingar.
-         Forvent å høyre noko interessant. Det vi forventar, har ein tendens til å bli det vi høyre.
-         Lytt med heile deg; øyrer, auge og hjerte.
-         Lytt no og fortel om det seinare. Viss du planlegg at du skal fortelje nokon om det du har høyrt, vil du huske det betre.
-         Ver tilstades ved at du følgjer den du lytter til. Kom tettere ved å følgje gestik, mimikk og betoning. Når du følgjer den andre blir samtalen meir behagelig å være i.
-         Forsøk å minimalisere indre og ytre forstyrrande ting
-         Ver sjenerøs og gi den gåva det er å lytte oppmerksamt.
-         Ver i nuet, ver merksam på tendensen til å flyte vekk i dagdrømma. Bli i samtalen.
 
10 gode råd til småprat for å få kontakt
 
  1. Smil og søk augekontakt, tenk over kroppsspråket ditt, presenter deg
  2. Husk å bruke den gratis informasjonen du plukkar opp, grip nuet og nysgjerrigheita og bruk det som skjer rundt deg
  3. Bruk småprat som ramme for samtalen
  4. Ver den gode vert og vis innleving
  5. Komplimenter folk, viss du kan
  6. Bruk personens namn
  7. Vis interesse for andres liv og gjeremål
  8. Grav djupare, ha eit oppfølgingsspørsmål klart
  9. Ver ein aktiv lyttar
  10. La vere å gi gode råd, med mindre du blir oppfordra til det.



 
  Agora - E-post: agora alfakrøll dnt.no Tlf 922 61 536