Hjem > Arrangementstips >  Å ta imot folk

Å ta imot folk

Webmaster

2007-08-23

Alle som inviterer gjester, privat eller i organisert sammenheng, ønsker at gjestene skal finne seg til rette. Vi frykter den anstrengte atmosfæren før folk bli varme i trøya. Hvis vi som vertskap lykkes i å ta imot folk på en god måte, vil dette prege folks opplevelse av samværet, og hvordan de vil opptre.
Alle har ein eller fleire gonger opplevd å kome inn i eit rom, fullt av folk, men ingen ”ser deg”.
Dette er ei setting nordmenn må vere dyktige på – oversjå og ikkje kome folk i møte. Det er på ein måte som at gjesten sjølv har ansvar for å kome seg inn i forsamlinga/samværet. Ikkje at forsamlinga opnar opp for den som kjem. Eller at gjesten skal leite opp vertskapet, ikkje at vertskapet tar imot gjesten.
Det å kome folk i møte, ha augekontakt, vere vennlig og blid er heilt grunnleggande for eit godt vertskap og ein viktig start for at samværet skal bli vellykka.
Det å opne opp, gi plass til folk som kjem og vil inn i samtalen /samværet er viktig for at folk skal føle seg velkomne.
 
Å forstå kva rolle alkohol spelar i samværet er viktig for å kome med mottrekk. Kva gjer vi for å erstatte den rolla alkoholen har? Som ramme rundt arrangementet, av ritual som samlar folk og gir dei fellesskapsfølelse, som eit tema å samtale om.
Tenk deg eit selskap der du ikkje kjenner så mange av dei andre. Du presentere deg, fortel kor du kjem frå og kva du jobbar med. Har du med hund eller barn kan du ”spele” litt rundt dei og er du skikkelig heldig  har de felles kjente eller har vore på same staden ein gong tidligare. Så begynner det å bli utfordrande. Kva tema skal ein finne på no? Undervegs i samtalen kjem gjerne vinflaska på bordet og samtalen vidare er sikra. Er den søt eller sur? Tysk eller fransk? Er du heldig har du vore der på ferie eller så minner vinen om ein du drakk då du var på ferie – kort sagt; dette kan det vere mykje å samtale om. Alle avholdende bli effektivt plassert på sidelinja, men for dei øvrige er kvelden er redda og i takt med stigande promille er det stadig lettare å finne på nye tema.
 
Når vi ikkje vil ha alkohol som ein del av samværet, kva gjer vi for å gjere situasjonen lettare for gjestane, kva plasserer vi på bordet for å gi dei noko å samtale om?
-         Ein måte er at ein gjer noko heilt uventa som får folk til å slå opp latterdøra og kommentere til kvarandre. Dei senker skuldrane og slappar av. Du har gitt dei ei felles oppleving.
-         Ei god felles oppleving kan gå ut på å få opp latterdøra, men den kan vere like god om den er rørande eller rett og slett gir ei vakker oppleving i form av t d god musikk eller vakker dans.
-         Ein kan få alle med på ein aktivitet som ”tvinger” dei til å prate med kvarandre og samarbeide. Felles opplevingar gir folk noko å samtale om.
-         Vi kan legge ein ting på bordet som gir folk noko å snakke om. Kanskje fordi dei lurer på kva det er, eller det kan skape minner om noko dei har vore med på tidligare, eller fortel noko om dei selskapet er for, eller det kan vere vitser, gåter eller visdomsord. Kort sagt; vi gir dei noko å bygge vidare på.



 
  Agora - E-post: agora alfakrøll dnt.no Tlf 922 61 536